Verdiskaping frå vestlandsskogen - Norges Skogeierforbund
Hopp til innholdet arrow_downward

Verdiskaping frå vestlandsskogen

Vestskog inviterer til seminar om temaet industriell foredling av tømmer frå Vestlandet 7.april med tittelen: «Verdiskaping frå vestlandsskogen – grønt skifte eller tapte moglegheiter?»

Nasjonen Norge, og Vestlandet spesielt, har eit stort behov for omstilling for å bli mindre avhengige av olja. Verda er avhengig av å redusera bruken av fossil energi og erstatta den med fornybare løysingar. Til saman vert dette til at samfunnet må gjennomgå eit «grønt skifte».

Tømmer frå skogane vår er eit fornybart råstoff som kan nyttast til bygningsmaterialer, drivstoff, dyrefor, hushaldsningsprodukt og mykje anna. Alt som kan lagast av olje kan også lagast av tømmer.

Skogreisinga etter 2.verdskrigen er i ferd med å hausta frukter, og hogsten på Vestlandet er sterkt aukande. Ressursbasen er stor og mykje må eksporterast til andre land pga lite industri i Norge. Kan vestlandsskogane bidra til det grøne skiftet i Norge og verdiskaping på Vestlandet?

Gjennom eit eige seminar ynskjer skogeigarsamvirket på Vestlandet å setja fokus på dette spørsmålet.

Førebels liste med tema:

  • Vestlandsskogen sin plass i det grøne skiftet
  • Industrielle moglegheiter og rammevilkår for skogindustri i Norge
  • Tømmer som dyre- og fiskefor
  • Flytande skogindustri på båt
  • Industriell foredling av tømmer i Sogn
  • Paneldebatt, korleis kan vestlandsskogen bidra til det grøne skiftet og ikkje vera ei tapt industriell moglegheit for nasjonen Norge?

Lunsj etter møteslutt, ca. kl 12.45.